Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  5 (Sivilisasjonar)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Sivilisasjonar - fordelar og ulemper
   
  5. SIVILISASJONAR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Sivilisasjonar - fordelar og ulemper

Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • forklare korleis naturressursar og teknologisk utvikling har vore med på å forme tidlege samfunn
  • bruke digitale verktøy til å hente informasjon frå ulike medium og vurdere informasjonen kjeldekritisk i eigne framstillingar
Kapittelet om sivilisasjonar legg fram ein del felles kriterium som må vere oppfylte for at sivilisasjonar skal kunne oppstå. Det blir også nemnt at livet for folk flest, som var bønder, ikkje utan vidare har endra seg så mykje frå tidlegare jordbrukssamfunn.

Her foreslår vi at elevane sjølve skal drøfte kor store endringane for folk flest kan ha vore, ut frå modellen om ulike årsaker (sjå Arbeidsportal side 24). Elevane kan godt arbeide parvis eller i små grupper, og ein avsluttande diskusjon kan vere fruktbar. Ein idé er å dele inn klassa i to lag, eitt lag som opplever fordelane ved å bu i ein sivilisasjon, og eitt som opplever ulempene.


Oppgåver:

Dei første sivilisasjonane oppstod i Mesopotamia om lag 3500 år f.Kr. og utgjer eit markant skilje i mennesket si historie. Menneska begynte mellom anna å bu i byar. Kva slags fordelar og ulemper følgde med sivilisasjon? Var det likt for for eksempel handverkarar og bønder? Tenk mellom anna på oppfinningar som vatningsanlegg og utviklinga av skriftspråk – korleis endra slike oppfinningar levemåten blant folk?

Lag eit oversiktsskjema over fordelane og ulempene med å bu i ein sivilisasjon, og ver førebudd på å leggje fram synet ditt i ein diskusjon.