Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  6 (Hellas i antikken)   >  Til læraren  >  Fagleg tilleggsstoff  >  Idrett og olympiske leikar
   
  6. HELLAS I ANTIKKEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Idrett og olympiske leikar

Røter langt tilbake i tid
Dei første olympiske leikane gjekk føre seg i 776 f.Kr., men i 393 e.Kr. forbaud den romerske keisaren Theodosius slike idrettsleikar. Kristendommen var blitt religionen i Romarriket, og idrettsleikane blei oppfatta som ein arv frå ei heidensk fortid. Men i over 1000 år blei det altså arrangert olympiske leikar i den greske verda. Dei moderne olympiske leikane har berre eksistert i litt over 100 år.

Det må ha vore drive idrett lenge før 700-talet på dei greske øyane. Vi kjenner for eksempel til bilete av gutar i boksekamp og bilete av ein ungdom som gjer rundkast på ein okserygg, som er så gammalt som frå 1500-talet f.Kr., frå den minoiske sivilisasjonen på Kreta. Vi veit lite om idretten på Kreta, men mange forskarar meiner at idrett kan ha vore ein del av religionsutøvinga. Slik var det i alle fall med dei olympiske leikane på det greske fastlandet 700 år seinare. Desse leikane var i utgangspunktet religiøse festar.

Brutalitet ein del av leikane
Boksing, som var ei av dei olympiske øvingane, hadde ein brutalitet over seg som vi ikkje finn i moderne amatørboksing. Dei greske boksarane brukte ei form for boksehanskar, men ikkje for å dempe slaga – tvert imot, dei surra stramme lærreimar rundt hendene, slik at slaget skulle treffe hardare. Bryting var ei anna øving, både det vi i dag kallar klassisk stil, og fribryting. Fribrytekampane, der alt var lov, kunne ende med døden for brytarane. Lengdehopparane har ein slags vekter, kanskje av stein, i hendene. Den olympiske øvinga lengdehopp kan ha vore stille lengdehopp – da vil slike vekter auke hopplengda når ein slengjer hendene framover med det same ein hoppar. I hopp med tilløp vil vekter derimot hindre hopparen i å få opp god fart og få skikkeleg lengd på hoppet.

Kvinner lenge utestengde frå idrettsbanen
Det var berre menn som konkurrerte på idrettsbanen, med unntak av Sparta, der også unge jenter dreiv med idrett. Og i dei olympiske leikane kunne kvinner ikkje eingong vere tilskodarar. Sneik ei kvinne seg inn på idrettsbanen, kunne ho risikere dødsstraff. Det blir fortalt at mor til ein deltakar hadde forkledd seg som mann og lurt seg inn på den olympiske arenaen. Men gleda over at sonen sigra, avslørte henne, og ho blei dømd til døden. Historia enda med at ho fekk nåde fordi sonen hadde blitt olympisk vinnar.

Mot slutten av den olympiske perioden kan det ha vore arrangert leikar også for kvinner, dei såkalla Hera-leikane (etter Hera, kona til Zevs). Vi kjenner til golvmosaikk frå Sicilia, frå 300-talet e.Kr., der vi ser kvinner som trenar med vekter og ball. Det er romerske kvinner, men romarane hadde fått idretten frå grekarane, som så mykje anna av gresk kultur. Interessant er det at kvinnene har så praktiske treningsplagg. Vi treng ikkje gå lenger tilbake enn 100 år i vår eiga tid før kvinner gjekk på ski i skjørt.