Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  7 (Romarriket)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Asterix
   
  7. ROMARRIKET
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Asterix

Romarriket har alltid fascinert og begeistra forskarar og det allmenne, historieinteresserte publikum. Resultatet kan vi sjå i form av talrike bøker, filmar, romanar og liknande. Teikneseriehelten Asterix, som kjempar mot romarane, er også eit eksempel på denne sterke interessa. Teikneseriehefte kan kjøpast, eller dei kan lånast på biblioteket. Asterix er dessutan filmatisert, både som animasjonsfilm og med levande skodespelarar.


Forslag til undervisningsopplegg:

I dette forslaget til undervisningsopplegg bør elevane arbeide saman i grupper. Kvar gruppe vel eitt eller fleire Asterix-hefte eller ein film, og svarer på spørsmåla under.

  1. Korleis er romarane framstilte i Asterix-serien (karaktertrekk, klede osb.)?
  2. Korleis er kvinnene framstilte?
  3. Korleis er utrustinga og utstyret til den romerske hæren, ifølgje teikneserien?
  4. Er framstillinga realistisk – stemmer forteljingane med dei faktiske forholda?
  5. Kva synest de om at historie blir framstilt på denne måten? Er det med på å gi oss eit feilaktig bilete av dei verkelege forholda? Kan det stimulere interessa for historie?


Hefte som høver godt til oppgåva:

«Cæsars laurbær», «Asterix og Goterne», «Asterix i keiserens klær», «Keiserens gave» og «Byplanleggeren».


Nettstader:

http://www.asterix.com/index.php.en
Offisiell nettside om Asterix. Engelsk tekst.

http://www.asterix-obelix.nl
Nettsider om Asterix og seriehefta.