Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  8 (Mellomalderen i Europa)   >  Til læraren  >  Fagleg tillegggsstoff  >  Gotiske katedralar
   
  8. MELLOMALDEREN I EUROPA
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Gotiske katedralar

Gotiske katedralar – ny teknologi og Guds lys
På 1100- og 1200-talet skjedde eit viktig skifte i kyrkjearkitekturen i Europa, overgangen frå romansk til gotisk stil. Dei romanske kyrkjene var baserte på byggjeteknikk frå Romarriket. Men i Nord-Frankrike blei det omkring år 1100 utvikla ein byggjeteknikk som skapte ein ny kyrkjestil, basert på to nyvinningar. Det blei oppdaga at spisse bogar kunne bere større vekt enn rundbogane, som blei brukte i romansk stil. Når slike spissbogar blei brukte i søylegangar, døropningar, vindauge og tak, kunne kyrkjebygga gjerast høgare, og vindauga kunne gjerast større. Vi ser slike spissbogar i bruk både i taket, i søylegangane og i vindauga.

Katedralar med himmelstrevande tårn
Eit problem med dei romanske kyrkjene var at dei tjukke steinveggene var enormt tunge, og det var grenser for kor høgt ein kunne byggje med så tjukke vegger. No blei det oppdaga at ein kunne stive av og avlaste tyngda på hovudveggene ved å bruke utvendige støttepilarar. På somme katedralar står desse støttepilarane fritt utanfor hovudveggene, slik at dei er synlege. På andre er dei bygde inn i vegger utanfor hovudveggene. På den måten kunne ein byggje tynnare og dermed høgare vegger. Desse nyvinningane la grunnlaget for større, høgare og lysare kyrkjebygningar. Ikkje minst blei dei himmelstrevande tårna eit karakteristisk trekk ved dei gotiske katedralane.

Rosevindauge og Guds lys
Den nye byggjeteknikken hadde også ei religiøs side. Dei høge kyrkjene strekte seg mot himmelen, og himmelen var staden der det guddommelege heldt til. Dei store vindauga førte meir lys inn i kyrkjene, og vindauga blei ofte utstyrte med vakre glasmåleri med religiøse motiv. Vakrast var dei store, runde rosevindauga. Når sola lyste inn gjennom eit slikt rosevindauge og kasta mangefarga lys inn i kyrkjebygningen, blei lyset eit symbol på Gud, det blei Guds lys. I Nidarosdomen, den einaste gotiske katedralen i Norden, finn vi eit slikt rosevindauge på vestfronten.