Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  8 (Mellomalderen i Europa)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Kunnskap er makt
   
  8. MELLOMALDEREN I EUROPA
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Kunnskap er makt


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • gjere greie for eit utval av sentrale økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i mellomalderen
  • presentere eit emne frå mellomalderen ved å vise korleis utviklinga er prega av brot eller kontinuitet på eit eller fleire område

Clemens 6. var pave frå 1342 til han døydde i 1352. På den tida var Avignon (by i Sør-Frankrike) sete for paven («det babylonske fangenskapet til pavane»). Da svartedauden kom til Europa i 1346, fekk kyrkja svakare kontroll over befolkninga. Det likte sjølvsagt ikkje Clemens 6. Han levde eit liv i luksus, og i 1350 kjøpte han heile byen av slekta Provence!


Forslag til undervisningsopplegg:

La oss tenkje oss at paven bestemmer seg for å utnemne ei tremannsgruppe som skal hjelpe han med å halde på kontrollen over menneska i området sitt. Gruppa består av ein biskop, ein lege og ein skribent som er kulturinteressert. Paven treng informasjon – kunnskap er makt.

Læraren deler elevane inn i grupper på tre personar. Kvar elev skal ha ei av dei tre rollene i tremannsgruppa. Gruppa skal utarbeide eit felles skriv, ein rapport, som til slutt skal leverast til oppdragsgivaren, Clemens 6. I rapporten skal elevane gjere greie for situasjonen i Europa sist på 1340-talet og kome med forslag til løysingar på problema til paven, slik at han skal kunne halde på den gamle makta si.


Framgangsmåte:

A Elevane blir samde om kva rolle kvart av medlemmene skal spele. Før dei går vidare, må dei sjølvsagt ha ein del kunnskap om svartedauden og må kunne svare på dei fire grunnleggjande spørsmåla under.
  1. Kva var svartedauden?
  2. Når tok svartedauden til?
  3. Kvar slo han til, og kven blei råka?
  4. Kvifor skjedde denne katastrofen?
Nettstad:

http://www.intermedia.uio.no/ariadne/idehistorie/idehistoriske-epoker/middelalderen/svartedauden/
Kort skildring laga av Hilde Norrgrén, Universitetet i Oslo.


B Gruppene diskuterer kvifor paven har plukka ut nettopp desse «fagfolka», og skriv ned det dei kjem fram til i eit tekstdokument.

C Kva slags informasjon kan paven ha nytte av for å halde på den politiske kontrollen i denne kriseperioden? Elevane diskuterer i gruppene og skriv ned forslag.

D Gruppene må deretter gå til kjeldene for å hente inn relevant informasjon. Dei kan sjølvsagt finne informasjon i bøker på biblioteket, men Internett er også nærliggjande å bruke. Her bør dei tenkje på kva som vil vere gode og relevante søkjeord. Be gruppene om å finne tre tekstar eller bilete som best illustrerer det temaet som dei skal utforske. Dersom dei har valt bilete, bør biletet ha undertekst.

E Til slutt skal gruppene diskutere grundig kva dei skal ha med i skrivet til paven, før dei skriv sjølve rapporten.

F Gruppene legg så rapporten fram for medelevane i klassen. Dei må kunne stoffet så godt at dei kan snakke om det utan å lese opp frå eit manuskript. Dessutan må gruppene vere førebudde på spørsmål frå medelevar og lærar.