Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  9 (Vikingferder, kristning og rikssamling i Noreg)   >  Portrett  >  Harald Hårfagre
   
  9. VIKINGFERDER, KRISTNING OG RIKSSAMLING I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Harald Hårfagre – kongen som samla Noreg til eitt rike

Slaget ved Hafrsfjord
Harald Hårfagre (ca 865–ca 933) var sonen til Halvdan Svarte, som var konge over Vestfold og Oppland. Det var mange kongar i Noreg, men slekta til Harald var sterkast, mellom anna fordi dei stamma frå Ynglingane, og dermed frå sjølvaste Odin. Harald ervde store område, og han vann fleire slag som gjorde han til konge over størsteparten av Noreg.

Slaget ved Hafrsfjord
Det avgjerande slaget stod i Hafrsfjord. Når slaget stod, veit vi ikkje sikkert, men det var ein gong mellom 872 og 900. Frå da og fram til han døydde rundt 933, styrte han Noreg med hard hand, men hadde aldri den fulle kontrollen over heile riket.

Langhåra kvinnedårar
I kongesogene er det mange historier om Harald. Mest kjend er historia om at han lova den vakre Gyda at han ikkje skulle klippe håret før han hadde samla Noreg til eitt rike. Gyda ville ikkje gifte seg med nokon småkonge! Harald var litt av ein hjarteknusar og hadde mange barn, med ulike kvinner. Kor mange veit vi ikkje. Mange slektsforskarar i Noreg i dag endar opp med å finne ut at dei stammar frå den gode Harald. Men å spore slekta si så langt tilbake er nesten umogleg.