Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  9 (Vikingferder, kristning og rikssamling i Noreg)   >  Portrett  >  Snorre Sturlason
   
  9. VIKINGFERDER, KRISTNING OG RIKSSAMLING I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Snorre Sturlason – lærevillig fosterson

Snorre Sturlason (1179–1241) voks opp hos den mektige høvdingen Jón Loptsson på Oddi. Gården til Loptsson var eit sentrum for lærdom på Island. Der blei det utdanna prestar, og Snorre lærte å lese og skrive, fekk kunnskapar i latin og geografi og også kjennskap til islandsk og norsk historie.

Islands rikaste mann
Gjennom ekteskapet med Hallveig Ormsdotter blei han Islands rikaste mann, og han stod sentralt i det politiske livet på Island. I periodar var han lovseiemann. Det innebar at han var leiar for den lovgjevande forsamlinga på Alltinget og tolka lovene.

Tida i Noreg
I åra 1218–1220 bodde Snorre i Noreg, der han blei utpeika til lendmann av kong Håkon Håkonsson. I 1237 kom han igjen til Noreg og slutta seg til Skule.

Felt av eigen maktsjuke
Snorres maktønske og politiske sympatiar førte til ulykke for både han og for Island. Han kom i konflikt med sine eigne brør, med svigersøner og med andre høvdingslekter. Til sist blei han drepen på garden sin, Reykholt, etter ordre frå den norske kongen, Håkon Håkonsson. Snorres mest kjente verk er trulig Heimskringla som handlar om Norges kongar frå Harald Hårfagres mytiske forfedrar fram til Magnus Erlingson.