Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  9 (Vikingferder, kristning og rikssamling i Noreg)   >  Portrett  >  Sverre Sigurdsson
   
  9. VIKINGFERDER, KRISTNING OG RIKSSAMLING I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Sverre Sigurdsson – prest med kongstankar

Sverre Sigurdsson (ca. 1150–1202) er ein av dei mest spennande kongane våre. Han var fødd i Noreg, men voks opp på Færøyane der han utdanna seg til prest. I 1175 får han vite av mor si at han er kongsson. Ho seier at Sigurd Munn er far hans. Det er ingenting som tyder på at det er sant.

Kampen for trona
Men Sverre hevdar heile livet at han er kongsson, og han begynner kampen for den norske trona. Sverre blir karakterisert som eit krigartalent, ein sterk og kunnskapsrik mann som var flink til å snakke.

Konfliktsøkande sogeskrivar
Han levde eit sunt liv, åt berre eitt måltid om dagen og motarbeidde drukkenskap. Sverre er særleg kjend for at han kjempa mot kyrkja, og dermed indirekte mot rivalen til trona, kong Magnus Erlingsson, som stod på same sida som kyrkja. Sverre meinte at kongen skulle stå over kyrkja, ikkje omvendt. Det likte dei geistlege dårleg. Sverre fekk biskop og pave mot seg, og han blei lyst i bann.

Birkebeinarane
Ved hjelp av birkebeinarane, ein krigarflokk, vann Sverre viktige slag, både på Kalvskinnet i 1179 og på Fimreite i 1184. Det siste gjer han til einekonge i Noreg. Sverre er den første kongen som får skrive si eiga soge, Sverres soga.