Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  9 (Vikingferder, kristning og rikssamling i Noreg)   >  Portrett  >  Olav Tryggvason
   
  9. VIKINGFERDER, KRISTNING OG RIKSSAMLING I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Olav Tryggvason – konge med høg stjerne hos Snorre

Snorre seier at "kong Olav var den beste i alle slags idrettar av alle dei mennene det går fråsegn om i Noreg." Han kasta spyd med begge hender og kunne symje i fulle hærklede. Han kunne til og med gå på årene utanbords mens mennene hans rodde.

Omflakkande oppvekst
Snorre fortel vidare at Olav Tryggvason (968–1000) tidleg blei teken hand om av ein morbror. Han oppheldt seg både i Estland og i Russland før ferda gjekk til Flandern og England. I England blei han omvendt til kristendommen og møtte Håkon Jarl, som fekk han til å reise til Noreg.

Erobringstokter
Han vende tilbake til Noreg, og i Trøndelag blei han valt til konge i 995, 30 år gammal. På erobringsferdene langs kysten rundt Vika (Oslofjorden) prøvde han å omvende dei nye undersåttane sine til kristendommen

Tapte kampen om makta
Da han ville vinne makta i heile landet, møtte han motstand både frå danskekongen og svenskekongen, og dessutan frå ladejarlane. I denne kampen fall han i slaget ved Svolder, berre fem år etter at han var kommen til Noreg.