Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  9 (Vikingferder, kristning og rikssamling i Noreg)   >  Portrett  >  Egil Skallagrimsson
   
  9. VIKINGFERDER, KRISTNING OG RIKSSAMLING I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Egil Skallagrimsson – hard krigar og dyktig skald

Egil Skallagrimsson (ca. 910–990) var islandsk høvding og skald, og Snorre portretterer han i ei ættesoge. Under følgjer eit lite utdrag frå Egilssoga.

Krigar berre sju år gammal
Det blei vedteke at det skulle vere ein ball-leik på Kvitå-vollane i løpet av vinteren. Egil spurde Tord om han kunne få bli med. Det fekk han lov til. Egil var da sju år gammal. Denne dagen leikte Egil mykje med ein gut som heitte Grim. Han var ti, elleve år gammal og var ein sterk gut. Under leiken blei Egil sint og slo til Grim med eit balltre. Grim reagerte med å leggje Egil i bakken. Egil fortalde Tord kva som hadde skjedd, og blei lova hjelp. Tord skaffa han ei stridsøks, og dei gjekk så tilbake til gutane som framleis leikte. Egil sprang mot Grim og hogg øksa i hovudet på han så ho stod fast i hjernen. Deretter gjekk dei to frå gjengen og vende attende til sine.

Eit skikkeleg vikingemne
Da Egil kom heim, brydde faren hans seg lite om dette. Men mora hans sa at Egil var eit godt vikingemne, og ho tykte at Egil burde få seg eit hærskip så snart han var gammal nok.