Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  9 (Vikingferder, kristning og rikssamling i Noreg)   >  Portrett  >  Eirik Blodøks
   
  9. VIKINGFERDER, KRISTNING OG RIKSSAMLING I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Eirik Blodøks – ein konge med store mål

Eirik Blodøks (ca 895–954) var sonen til Harald Hårfagre. Problemet var at det var det mange andre som også var! Hårfagre hadde mange søner med mange kvinner, og alle hadde lik arverett til trona. Harald hadde klart å samle nesten heile Noreg under seg, og så blei landet splitta opp ved at sønene blei kongar i ulike delar av landet.

Med blod på hendene
Eirik skulle vere overkonge fordi han var den av sønene som Hårfagre heldt mest av, ut frå det Snorre skriv. Eirik ville heller styre aleine, og tok livet av i alle fall fem av brørne sine.

Styrt av kvinnemakt?
Tilnamnet Blodøks er ikkje tilfeldig. Det seiest at Eirik var under dårleg påverknad frå kona si, Gunnhild. Ho var vakker, men ikkje snill. At ho blei skulda for å vere trollkvinne, tyder på at ho var ei mektig kvinne. Om Eirik seiest det at han var vakker, hadde eit ustyrleg sinne, var brutal og taus. Ikkje rart at han ikkje var særleg populær.

Eirik rømde landet og fall
Da yngste broren hans, Håkon, blei henta heim frå England, ville folk heller ha han som konge, og Eirik måtte rømme frå landet. Han blei konge over Northumbria i England, og fall i eit slag i 954.