Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  9 (Vikingferder, kristning og rikssamling i Noreg)   >  Portrett  >  Olav den heilage
   
  9. VIKINGFERDER, KRISTNING OG RIKSSAMLING I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Olav den heilage – kongen som styrkte samlinga av Noreg

Olav Haraldsson, eller Olav den heilage (995–1030), var oldebarn til Harald Hårfagre. 12 år gammal reiste han på vikingferd. I Noreg var det Eirik jarl som styrte med hjelp av danekongen Knut. I 1016 sigra Olav over dei mektigaste høvdingane i Noreg og blei hylla som konge.

Innførte kristendommen, fall og blei heilag
Kong Olav styrkte samlinga av Noreg på fleire område, men er mest kjend for å ha innført kristendommen i Noreg. Kristendommen kom rettnok før Olav Haraldsson, men han bygde ut kyrkja til ein solid organisasjon. Men motstanden mot kristendommen var sterk, særleg i Trøndelag.

Fór hardt fram mot bøndene
Olav fór hardt fram mot bøndene for å kristne dei og fekk mange fiendar. Han måtte flykte til Gardarike i 1028. Olav prøvde å vinne makta tilbake, og slaget stod på Stiklestad i 1030 der han kjempa mot ein bondehær. Olav fall i slaget. Etter at Olav var død, skjedde det fleire under, og Olav blei erklært heilag.

Pilegrimar til grava hans
Nidarosdomen i Trondheim blei bygd over grava hans, og pilegrimar frå heile Noreg og verda valfarta til hengengrava. St. Olav hadde ein sterk plass i livet hos nordmennene, og enda i dag feirar vi heilagdommen hans på Olsok, 29. juli, dødsdagen til Olav.