Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  9 (Vikingferder, kristning og rikssamling i Noreg)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Olav den heilage og slaget på Stiklestad
   
  9. VIKINGFERDER, KRISTNING OG RIKSSAMLING I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Olav den heilage og slaget på Stiklestad


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • presentere ein historisk person og diskutere korleis samtidige samfunnsrammer påverka handlingane til denne personen
  • gjere greie for samfunnsforhold og statsutvikling i Noreg frå ca. 700 til ca. 1500 og diskutere mogleg påverknad frå andre kulturar, samfunn og statar

Olav Haraldsson, som blei kåra til helgen etter at han var død, har ein heilt spesiell plass i noregshistoria. På Stiklestad, der det berømte slaget gjekk føre seg, er det oppretta eit museum som formidlar denne historia.


Forslag til undervisningsopplegg:

Nettstaden under er frå Stiklestad Nasjonale Kultursenter. Informasjonen elevane finn her, kan dei bruke til å lage ei framstilling av Olav Haraldsson – den heilage – og slaget på Stiklestad. Oppgåva «Ei grav blir opna …» på side 46–48 i Arbeidsportal kan også vere til hjelp.

Undervisningsopplegget høver godt som eit prosjektarbeid der elevane arbeider saman i grupper. Når det gjeld sjølve framstillingsforma, ligg det her til rette for mange kreative og spennande løysingar, så elevane kan med fordel få relativt fritt spelerom i arbeidet.


Nettstad:

http://www.stiklestad.no
Nettsidene til Stiklestad Nasjonale Kultursenter. Klikk deg inn på «Historie» og deretter på dei ulike emna («Helgenkongen og helgendyrking», «Olav Haraldsson», «Slaget i 1030»).