Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  10 (Samfunn og stat i Noreg i mellomalderen)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Mellomalderbyggverk
   
  10. SAMFUNN OG STAT I NOREG I MELLOMALDEREN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Mellomalderbyggverk


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • gjere greie for eit utval av sentrale økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i mellomalderen
  • presentere eit emne frå mellomalderen ved å vise korleis utviklinga er prega av brot eller kontinuitet på eit eller fleire område
  • gjere greie for samfunnsforhold og statsutvikling i Noreg frå ca. 700 til ca. 1500 og diskutere mogleg påverknad frå andre kulturar, samfunn og statar
  • bruke digitale verktøy til å hente informasjon frå ulike medium og vurdere han kjeldekritisk i eigne framstillingar

Forslag til undervisningsopplegg:

Læraren ber elevane om å lage ein presentasjon av eitt eller fleire norske mellomalderbyggverk. Elevane kan anten velje byggverk frå lista under, eller velje eit anna byggverk frå mellomalderen. Kanskje det finst eit mellomalderbyggverk i nærleiken av der elevane bur?

Når elevane arbeider med å innhente informasjon om det mellomalderbyggverket dei har valt, kan dei også prøve å vurdere kvaliteten på informasjonen. Eit tips er å finne ut kva bakgrunn forfattaren av ein presentasjon av byggverket har.

Undervisningsopplegget høver godt som gruppearbeid, der kvar gruppe presenterer eitt byggverk. Presentasjonen kan for eksempel vere eit foredrag, ein plakat, ei nettside eller ein lysbiletepresentasjon.


Forslag til mellomalderbyggverk:
  • Nidarosdomen i Trondheim
  • Håkonshallen i Bergen
  • Mariakyrkja i Bergen
  • Kyrkjeruinane i Gamlebyen i Oslo
  • Klosterruinane på Hovedøya i Oslofjorden