Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  11 (Pest og tap av norsk sjølvstende)   >  Til læraren  >  Fagleg tilleggsstoff  >  Hanseatane i Noreg
   
  11. PEST OG TAP AV NORSK SJØLVSTENDE
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Hanseatane i Noreg

Torskefiske og handel
Det rike torskefisket langs kysten av Nord-Noreg gav grunnlag for handel med utlandet. Alt på 1100-talet blei det eksportert tørrfisk til England og etter kvart til dei fleste land i Vest-Europa. Denne handelen med utlandet gikk via Trondheim og Bergen, men på 1200-talet greidde bergenske handelsmenn å få monopol på tørrfiskeksporten frå Noreg.

Handelsstader og byvekst
I Nord-Noreg la denne handelen med tørrfisk grunnlag for framveksten av handelsstader. Lokale handelsmenn kjøpte opp fisk frå fiskarane, tørka fisken og sende han til Bergen, der han blei seld til bergenske tørrfiskeksportørar. Kjerringøy er ein slik handelsstad. Staden ligg nær det rike torskefisket i Lofoten. I Bergen la fiskeeksporten grunnlaget for ein kraftig byvekst, og i seinmellomalderen var Bergen den nest største byen i Skandinavia. Berre Stockholm var større.

Hanseatane fekk økonomisk makt
Men dei bergenske handelsmennene fekk konkurranse. Alt i vikingtida hadde det vakse fram ein aust–vest-handel frå dei baltiske områda og Russland i aust til England og Flandern i vest. Det blei handla med verdifullt skinn frå Russland, med korn frå områda sør for Austersjøen, med saltsild frå Sør-Sverige og med tørrfisk frå Noreg. Mykje av handelen gjekk gjennom danske og nordtyske farvatn, og her voks det fram fleire handelsbyar. I desse byane kunne ein finne handelsmenn og skip frå mange europeiske land, men etter kvart var det dei nordtyske som blei dei dominerande. Dei nordtyske byane samarbeidde, og under leiing av Lübeck gjekk dei på slutten av 1200-talet saman i Hansaforbundet. Hansabyane prøvde å få kontroll med mest mogleg av handelen i Nord-Europa. Dei oppretta handelskontor (eit slags innkjøps-, sals- og fraktfirma) i fleire byar utanfor Nord-Tyskland, så langt aust som i Novgorod i Russland og så langt vest som i London.

I Bergen blei det også oppretta eit hansakontor, som greidde å ta over det bergenske monopolet på eksporthandelen med tørrfisk. Hanseatane dreiv handel frå Bryggen, som vi ser til høgre på teikninga frå Bergen hamn. Dei tyske handelsmennene heldt til nokre år ved eit hansakontor, men dei måtte vere ugifte og hadde ikkje lov til å gifte seg mens dei var tilsette ved hansakontoret.

Hanseatane fekk politisk makt
Hansaforbundet blei etter kvart så mektig at det også blei ein politisk maktfaktor. I alle dei skandinaviske landa prøvde kongane å avgrense makta til forbundet, men utan å lykkast, mellom anna fordi fleire kongar gjorde seg avhengige av pengelån frå hansabyane. I dei urolege åra med skandinaviske unionar og tronstridar på 1300- og 1400-talet blanda hanseatane seg inn i desse stridane.

Slutten på makta til hanseatane
Men på 1500-talet mista Hansaforbundet den dominerande stillinga. Det kom dels av hardare konkurranse frå engelske og hollandske kjøpmenn, og dels av at kongemakta i Sverige og Danmark-Noreg blei sterkare, slik at det blei mogleg å setje grenser for aktiviteten til hanseatane.