Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  12 (Asia og Afrika)   >  Portrett  >  Kublai-khan
   
  12. ASIA OG AFRIKA
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Kublai-khan – mongolherskar og kinesisk keisar

Kublai-khan (1215–1294) var mongolherskar og kinesisk keisar. «Ein kan erobre eit rike frå hesteryggen, men ein kan ikkje styre det derifrå», sa ein av Kublai-khans kinesiske rådgjevarar til han.

Tvilsame metodar
Kublai-khan var soneson av Dsjengis-khan. Han utvida mongolriket gjennom å fullføre erobringa av Kina i 1279, og han lykkast på meir eller mindre tvilsamt vis å få posisjonen som overherre over alle dei mongolske rika i Europa og Asia.

Lot seg sivilisere
Kublai-khan valde å stige av hesten og la seg «sivilisere». Han valde seg konfutsianske rådgjevarar, gav avkall på grusomheiter i stor skala, praktiserte religiøs toleranse og styrte ved hjelp av eit fleirnasjonalt korps av spesialistar på ulike område, blant dei Marco Polo og faren og onkelen hans. Han blei kinesisk keisar.

Mista kontrollen over mongolrika
Da mista han grepet på den mongolske adelen og fekk aldri effektiv kontroll over mongolrika. Det mongolske Yüan-dynastiet i Kina blei også kortliva. Det bukka under for opprør og blei avløyst av Ming-dynastiet i 1368.