Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  12 (Asia og Afrika)   >  Portrett  >  Moulay Ismail
   
  12. ASIA OG AFRIKA
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Moulay Ismail – sultanen av Marokko

Moulay Ismail var sultan av Marokko og regjerte landet i 55 år frå 1672–1727. Ein sultan er både religiøs og verdsleg herskar.

Brutale metodar
Moulay Ismail er kjend som den mest brutale sultanen i Marokkos historie. Med forferdelege metodar klarte han å samle landet. Han kasta ut spaniarane, portugisarane, engelskmennene og tyrkarane, som alle ville ha kontroll over delar av det.

Brutal slavedrivar
Mykje av årsaka til sultanens makt låg i at han hadde ein stor hær som var samansett av svarte slavar, menneske som var henta sør for Sahara. Moulay Ismail grunnla Meknes som hovudstad, og til å byggje opp byen brukte han også slavar, blant anna kristne. Han hogg personleg hovudet av slavar han ikkje var nøgd med, og mura hovuda inn i den 25 km lange bymuren. Slavane skalv kvar gong han var kledd i gult – drapsfargen hans.

Mange kvinner og mange barn
Moulay Ismail var ein stor beundrar av solkongen Ludvig 14., og fridde til dottera hans. Da Ludvig oppdaga at Ismail hadde 500 haremskvinner, avslo han frieriet. Med kvinnene sine skal Moulay Ismail ha hatt 700 søner, og eit ukjent tal døtrer. Ryktet seier at han tok livet av sine eigne døtre ved fødselen.