Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  14 (Dei europeiske oppdagingane)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Thor Heyerdahl
   
  14. DEI EUROPEISKE OPPDAGINGANE
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Thor Heyerdahl - lydklipp


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • presentere ein historisk person og drøfte korleis idear og samfunnsforhold i samtida påverka tenkjemåtane og handlingane til denne personen
  • utforske ulike korte historiske framstillingar av ei og same hending, og diskutere det valet forfattarane har gjort av innfallsvinkel og spørsmålsstilling
  • gi eksempel på kontroversielle historiske emne og drøfte motstridande årsaksforklaringar til ei historisk hending
  • undersøkje korleis eigne førestellingar om fortida er blitt forma og diskutere kva faktorar som gjer at menneske kan ha ulike oppfatningar om fortida
  • gi eksempel på og drøfte korleis utstillingar, minnesmerke, minnedagar eller markeringa av bestemte historiske hendingar har noko å seie for notida

Lydklipp om Thor Heyerdahl
I samband med desse lydklippa (sjå under) er det nærliggjande å la elevane arbeide med kontroversane omkring Thor Heyerdahl. Teoriane til Heyerdahl er i historiekretsar nærmast avskrivne som uvitskaplege. Likevel blir Heyerdahl hylla. I fødebyen Larvik er prosjektet «Heyerdahl-byen» sett i gang, og den vidaregåande skolen der er kalla opp etter han. Kvifor er nordmenn så opptekne av merittane til Heyerdahl? Kva oppfatning har historikarane av Heyerdahl i dag? La elevane gjere seg opp ei meining om Heyerdahl både som historisk person og som historikar.

Elevane bør setje seg inn i kontroversane og kan lage eit fjernsyns- eller radioprogram der dei debatterer Heyerdahls rolle i historieforskinga. Dersom det er vellykka, kan det for eksempel leggjast ut på YouTube.


Frank Dehli intervjuar Heyerdahl etter RA II-ekspedisjonen. Sendt i NRK fjernsynet 24.08.1970. Varer 3 min. og 35 sek.

Nils Heyerdahl intervjuar Thor Heyerdahl 31.13.1980. Radioklippet handlar om reaksjonane Heyerdahl fekk etter ekspedisjonane sine. Varer 2 min. og 32 sek.

Nils Heyerdahl intervjuar Heyerdahl 31.13.1980. I radioklippet fortel Heyerdahl om kven han trur innvandra til stillehavsøyane. Varer 3 min. og 41 sek.

NRK har laga denne samlesida om Thor Heyerdahl. Her finn du meir informasjon om livet og verksemda hans.