Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  14 (Dei europeiske oppdagingane)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Dei europeiske oppdagingane - eit rollespel
   
  14. DEI EUROPEISKE OPPDAGINGANE
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Dei europeiske oppdagingane - eit rollespel

Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • forklare drivkrefter bak den europeiske oversjøiske ekspansjonen og diskutere kulturmøte, sett frå ulike perspektiv
  • gjere greie for årsaker til at folkegrupper emigrerer, og drøfte konsekvensar av møtet deira med andre kulturar
  • presentere ein historisk person og diskutere korleis samtidige samfunnsrammer påverka handlingane til denne personen

Innleiing:

Når elevane skal arbeide med dette kapittelet, er det viktig at dei har ei etter måten god oversikt over korleis verda faktisk ser ut i dag. Det kan vere greitt å begynne å arbeide med verdskartet med dagens grenser. La dei parallelt arbeide med karta på side 172 i læreboka. La dei setje opp ei liste over kva for nokre av dagens land i den nye verda som var under Spania, Portugal og Storbritannia.


Rollespel:

Dette er eit emne som mange elevar er interesserte i. Derfor kan det vere fornuftig å gi dei opne oppgåver. Mange er nysgjerrige på korleis urbefolkninga i Amerika levde før europearane kom. Her kan rollespel vere eit spennande utgangspunkt.
  1. Del elevane inn i grupper på 5–6 personar. La dei velje grupper og roller. La dei gjerne leggje til roller også. Poenget er at dei skal få fram kva som skjedde i møtet mellom to kulturar, og at dei skal vise forståing for kva dette møtet hadde å seie for begge partar.
  2. Det er viktig at dei gjer seg godt kjende med historia. Bruk både læreboka og nettkjelder. For å setje seg inn i rollene sine kan elevane gjere nokre av nettoppgåvene på nettportalen («Oppdaginga» av Amerika, Religionen til aztekarane, Indianarane).
  3. Kvar elev skal finne ut av personane sine og historia rundt. Dei kan gjerne levere inn ein skriftleg presentasjon av personen sin først, der dei svarer på sentrale spørsmål. Elevane skal finne ut korleis livet var før kulturmøtet i dei områda som blei koloniserte, og kva forandringar som skjedde som resultat av koloniseringa.

Gruppe 1:

Kristoffer Columbus
Ein assistent, interessert i forretningar
Dronning Isabella
Kong Ferdinand
Ein høvding på Haiti som møter Columbus
1–2 menn på Haiti

Gruppe 2:

Hernán Cortés
1–3 av mennene hans
Dona Marina
Moctezuma 2
1– vanlege aztekarar

Lag gjerne fleire grupper. Eit alternativ er å ha to og to like grupper, slik at elevane kan konkurrere i presentasjonane. Dei spelar mot kvarandre, dei andre elevane bestemmer ved applaus kven som er best. (OBS Dette føreset god stemning i klassa.)

Deretter skal rollespelet presenterast. Det bør vare ca.10–15 minutt per gruppe. La gjerne elevane vurdere kvarandre.


Avslutning:

Gjer repetisjonsspørsmåla.