Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  14 (Dei europeiske oppdagingane)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Indianarane i Nord-Amerika
   
  14. DEI EUROPEISKE OPPDAGINGANE
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Indianarane i Nord-Amerika


Kompetansemål

Elevane skal kunne

  • forklare drivkrefter bak den europeiske oversjøiske ekspansjonen og diskutere kulturmøte, sett frå ulike perspektiv
  • gjere greie for årsaker til at folkegrupper emigrerer, og drøfte konsekvensar av møtet deira med andre kulturar


Forslag til undervisningsopplegg:

I kapittel 14 i Portal (”Dei europeiske oppdagingane”) speler indianarane ei sentral rolle. Dette er også tema for følgjande forslag til undervisningsopplegg.

Elevane kan arbeide individuelt eller i grupper med å lage ein presentasjon av indianarane i Nord-Amerika. Dei vel sjølve om dei vil gi ein karakteristikk av ulike aspekt ved eit «typisk indianarsamfunn», eller om dei vil samanlikne forholda til indianarane før koloniseringstida og situasjonen for indianarane i dag. Korleis dei vil presentere resultatet, kan dei også velje sjølve.


Nettstader:

http://www.faktalink.dk/titelliste/indianere-i-nordamerika/hele-faktalinket-om-indianere-i-nordamerika
Om dei nordamerikanske indianarane på dansk skulenettstad.

https://no.wikipedia.org/wiki/Indianerkrigene
Om indianarkrigane, frå Wikipedia.