Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  17 (Politisk utvikling i Europa)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Rivalisering mellom europeiske statar
   
  17. POLITISK UTVIKLING I EUROPA
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Rivalisering mellom europeiske statar (kapittel 16 og 17)


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • gjere greie for utviklinga og endringa av styringsformer i Europa frå slutten av mellomalderen til siste del av 1700-talet

Opplegg

Aldri var rivaliseringa mellom dei europeiske statane meir intens enn i perioden 1500–1700.

Læreboka framhevar tre forklaringar på at ingen av statane nokon gong fekk eit europeisk overherredømme: Oppbygginga av ei sterk militærmakt, utvikling av ei effektiv styreform og evna til ei omfattande ressursmobilisering.

Del elevane inn i tre grupper. Kvar gruppe skal finne argument for kvar av forklaringane og spisse desse forklaringane. Dette er utgangspunktet for ein klassediskusjon der gruppene diskuterer dei ulike årsaksforklaringane. Dei kan også formulere noko skriftleg ved å skrive eit blogg-innlegg der dei skal overtyde lesarane om kva for ei årsaksforklaring som er den beste.