Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  19 (Eit folk av bønder)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Livet på garden
   
  19. EIT FOLK AV BØNDER
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Livet på garden


Kompetansemål

Elevane skal kunne

  • forklare korleis naturressursar og teknologisk utvikling har vore med på å forme tidlege samfunn
  • gjere greie for næringsutvikling i Noreg frå ca. 1500 til ca. 1800 og analysere verknadene for sosiale forhold i denne perioden


I Noreg har vi fleire friluftsmuseum som viser oss korleis folk levde på gardane i tidlegare tider, og korleis jordbruket blei drive. Dei mest kjende er kanskje Maihaugen på Lillehammer og Norsk Folkemuseum i Oslo. På nettsidene til friluftsmusea finst det mange skildringar og bilete av ulike gardstypar i Noreg frå mellomalderen og fram til 1800-talet.


Forslag til undervisningsopplegg:

Elevane arbeider i grupper og vel ein eller fleire av gardane frå denne perioden. Under har vi lista opp nokre nettsider til friluftsmuseum som elevane kan bruke i arbeidet, men dei står sjølvsagt fritt til å ta utgangspunkt i andre gardar frå andre museum (eller gardar som ikkje har enda opp på museum) dersom dei ønskjer det. Kanskje dei kjenner til ein gard i nærleiken av der dei bur frå denne perioden, der dei framleis held fram med gardsdrift?

Oppdraget til elevane er å lage ein presentasjon av livet og arbeidet på den garden dei har valt. Elevane vel sjølve om dei vil fokusere på ei bestemt tid innanfor den angitte tidsepoken (og den familien som budde på garden da, dersom ein kjenner til dette), eller om dei vil sjå på utviklinga av forholda på garden over lengre tid.

Her finst det mange moglege aspekt, for eksempel kven som budde og arbeidde på garden, kva dyr dei hadde, kva dei dyrka, kva dei levde av og i kor stor grad dei var sjølvberga, arkitektur, byggjeskikk og funksjonen til dei ulike bygningane på garden, på kva måte garden var prega av geografiske forhold.


Nettstader:

http://maihaugen.no/Opplev-Maihaugen/Friluftsmuseet/Bygda
Om bygdetuna på Maihaugen. Les om dei ulike gardane nedover sida.

http://folkemuseet.no/no/Utstillinger/Friluftsmuseet/Landsbygda/
Nettstaden til Norsk Folkemuseum. Klikk deg inn på dei ulike gardane i menyen til høgre.

http://www.hallingdal-museum.no/
Nettstaden til Hallingdal museum

http://www.agderkultur.no/Setesdals-tunet/Side1.htm
Artikkel med mange bilete om Setesdalstunet ved Vest-Agder museet, avdeling Kristiansand.