Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  20 (Nordmennene møter den tidlege kapitalismen)   >  Portrett  >  Bergverka
   
  20. NORDMENNENE MØTER DEN TIDLEGE KAPITALISMEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Bergverka

Framvekst av bergverk på 1600-talet
Den store utbygginga av bergverksdrifta fann stad i perioden 1620–1720. Kongsberg Sølvverk, som bl.a. blei grunnlaget for myntproduksjon i Christiania, blei etablert etter at ein oppdaga sølv i 1623. Koparverk blei startet i Kvikne i 1631, Røros 1644 og Løkken 1652.

Produserte for eksport
Koparen blei først og fremst produsert for eksport. Jernverka blei også etablerte ved midten av 1600-talet, og i åra 1806–07 var det registrert 17 ulike jernverk i drift. Jernverka produserte stangjern, kanoner, kuler, omnar og spiker, det aller meste for eksport. Andre bergverk var det ikkje mange av.

Skiftande eigarskap
På 1500-talet var dei fleste bergverka drivne av staten. På 1600-talet dominerte utanlandske kapitalistar som eigarar. Frå slutten av hundreåret blei verka stort sett eigd av partisipantskap. På 1700-tallet var dei fleste jernverka norskeigde.

Lovverket la til rette for lønnsam drift
Gjennom heile perioden måtte ein ha privilegium for å drive bergverk. Bergverka kunne slippe toll og tiende, og dei tilsette var fritekne for militærteneste. Men ei rekke lover påla samtidig bøndene innan et visst område å levere kull, ved og ein viss arbeidsinnsats til verket.