Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  20 (Nordmennene møter den tidlege kapitalismen)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Lage ein blogg!
   
  20. NORDMENNENE MØTER DEN TIDLEGE KAPITALISMEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Lage ein blogg! (kapittel 18, 19 og 20)


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • presentere ein historisk person og diskutere korleis samtidige samfunnsrammer påverka handlingane til denne personen
  • gjere greie for næringsutvikling i Noreg frå ca. 1500 til ca. 1800 og analysere verknadene for sosiale forhold i denne perioden

Opplegg

Desse kapitla dreiar seg både om mikrohistorie og om næringsvegar og høver godt til arbeid med empatioppgåver. Ein variant er å lage ein blogg eller ei nettbasert dagbok, der ein gir seg ut for å vere ein person frå denne perioden. Mange elevar lagar eller følgjer bloggar, så det kan vere ein interessant måte å utforske kvardagslivet til menneske i fortida på.

I bloggen kan elevane presentere livet til ein person. Da må dei arbeide med å finne ut korleis personar levde i Noreg på 1600- og 1700-talet. For å spisse oppgåva kan ein be elevane om å lage ein blogg ut frå eit tema, for eksempel ein moteblogg, matblogg, familieblogg, skoleblogg eller liknande. Elevane bør komme med mange postar i bloggen. Dei kan tenkje seg at dei skriv over eit heilt år for å vise forståing for dei ulike næringsvegane og for korleis dei forandrar seg gjennom året.