Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  21 (Den dansk-norske maktstaten blir til)   >  Portrett  >  Peter Wessel Tordenskiold
   
  21. DEN DANSK-NORSKE MAKTSTATEN BLIR TIL
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Peter Wessel Tordenskiold – til København som blindpassasjer

Tordenskiold (1690–1720) blei fødd i Trondheim, inn i ein stor barneflokk. I 1704 kom kong Fredrik 4. til Trondheim. Peter blei kjend med ein av tenarane ved hoffet, og da det kongelege følgjet drog tilbake til København, sneik 13-åringen seg med.

Fekk hjelp av kongen til å bli sjøkadett
Han skreiv deretter til kongen og bad han hjelpe seg til å bli sjøkadett. Brevet nådde fram til kongen, som fekk han plassert som skipsgut. Så drog han til sjøs nokre år og blei seinare innskriven som kadett.

Slaget i Dynekilen
Det var i 1716 at Tordenskiold utførte den største bragda si, sjøslaget i Dynekilen i Sverige. Dynekilen er eit smalt sund som stikk eit stykke inn i landet. Svenskekongen, Karl 12., ønskte å ta Fredriksten festning (ved Halden) med denne flåten i ryggen, for deretter å nå målet: å erobre Norge.

Tapte for Tordenskiold, og gav opp Fredriksten
Kongen hadde nettopp besøkt flåten og kjende seg like trygg for han som om han hadde ligge inne i Svinesund. Men Peter Wessel Tordenskiold kollkasta planane til kongen. Tordenskiold vann sjøslaget, og da Karl 12. hørte om tapet av flåten, gav han opp Fredriksten.