Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  21 (Den dansk-norske maktstaten blir til)   >  Portrett  >  Hans Egede
   
  21. DEN DANSK-NORSKE MAKTSTATEN BLIR TIL
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Hans Egede – Grønlands apostel

Hans Egede (1684–1758), som har fått namnet Grønlands apostel, blei fødd i Nordland. I 1704 kom han til universitet i København, der han tok teologisk embetseksamen. Han blei seinare prest i Vågan i Nordland.

Ville misjonere
Han las om dei gamle norske nybyggjarane på Grønland, og da han hørte at folka på Grønland på den tida var heidningar, fekk han lyst til å dra ut til dei som misjonær; han trudde at folket der oppe stamma frå dei gamle nordmennene.

Sette seg inn i eskimoane sitt levevis
I 1718 gav Egede opp prestekallet sitt i Vågan og drog til Bergen for å arbeide for det han meinte var livsgjerninga si. På Grønland bygde Egede eit hus, og han kalla staden der han hadde slått seg ned, for Godthaap. Han drog heile tida rundt blant eskimoane, lærte språket deira og gjorde seg kjend med leveviset og tenkjemåten deira.

Bygde opp handelen
Egede sytte ikkje berre for å breie kristendommen ut mellom eskimoane, men arbeidde også for å fremje handelen. Det grønlandske kompani blei stifta i København, og Egede fekk oppsynet med dette.

Ville utdanne lærarar for Grønland
Seinare fekk han oppretta eit seminar i København som skulle utdanne lærarar for Grønland, og han fekk gitt ut nokre lærebøker på grønlandsk. Oppteken med dette arbeidet døydde han i 1758. Sonen, Paul Egede, heldt fram arbeidet hans på Grønland og sidan ved seminaret i København.

Ref. Ræder. Historien i fortellinger