Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  21 (Den dansk-norske maktstaten blir til)   >  Portrett  >  Kristian 4.
   
  21. DEN DANSK-NORSKE MAKTSTATEN BLIR TIL
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Kristian 4. – konge i fullt format

Kristian 4. (1577–1648) blir gjerne kalla Kristian «Kvart», men han var ein mann av si tid i fullt format, ein fargerik personlegdom som var interessert i det meste, og full av arbeidsglede.

Ein stor mann
Kroppsleg fylte han også godt opp, for han var glad i mat og drikke. Det var få som klarte å halde følgje med han ved bordet. Dei som prøvde, enda gjerne opp under det.

Utretta mykje
Men om Kristian 4. ikkje levde noko sunt liv, fekk han utretta mykje. Mellom anna fekk han 23 barn (berre fire av dei utanfor ekteskap). Han grunnla byar og bergverksverksemder i stor stil, bygde slott og etablerte hamner, og han førte krigar og rekneskapar med like stor glød. Han la seg i grunnen borti det meste. Som 67-åring mista han eit auge i sjøslaget ved Kolberger Heide, og kom seg aldri heilt etter det.

Populær konge
Politisk gjekk det ikkje så bra med prosjekta hans. Særleg ille gjekk det da han engasjerte seg i 30-årskrigen. Da han døydde, same året som 30-årskrigen tok slutt, var statskassa tom, adelen hadde styrkt si stilling i forholdtil kongemakta, Halland var pantsett til svenskane, og Jemtland og Herjedalen var gått tapt. Den einaste varige suksessen hans var flåtetoktet til Nord-Noreg i 1599, som sikra grensene i nord. Men trass i alt som gjekk gale, har likevel ingen dansk-norsk konge vore meir populær enn Kristian kvart.