Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  21 (Den dansk-norske maktstaten blir til)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  «Dansketida»
   
  21. DEN DANSK-NORSKE MAKTSTATEN BLIR TIL
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

«Dansketida»


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • gjere greie for utviklinga og endringa av styringsformer i Europa frå slutten av mellomalderen til siste del av 1700-talet

Diskusjon om «dansketida»

Kapittelet handlar om dei politiske forholda i «dansketida». Ved å hente opp igjen kapittel 11, setje seg inn i kapittel 21 og finne andre kjelder om dansketida kan elevane få ta del i ein klassisk historikardebatt: Var «dansketida» ei «firehundreårsnatt», eller var denne perioden ei oppgangstid i norsk økonomi og politikk?

Del elevane i to grupper. Den eine skal finne argument for at Noreg var undertrykt, og for at perioden under dansk styre var som ei fire hundre år lang natt å rekne. Den andre gruppa skal finne argument for det motsette: at Noreg var eit land i vekst som tente på unionen med Danmark.

Di lengre tid elevane får til å førebu seg, di livlegare blir debatten. Det kan vere greitt å stille som krav at alle elevane skal seie noko under debatten.