Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  2 (Korleis arbeider vi med historie?)   >  Til læraren   >  Undervisningsopplegg  >  Historikaren i historia og i samfunnet
   
  2. KORLEIS ARBEIDER VI MED HISTORIE?
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Historikaren i historia og i samfunnet


Ser vi på den forskinga som går føre, kan vi spørje oss kva eller kven det er som har bestemt at det skal forskast på nett dette. Kven har teke initiativet til dei ulike prosjekta som det blir arbeidd med? Kva «styrer» historikaren i arbeidet?

Svaret er at det kan vere ganske ulike interesser som ligg bak. Litt enkelt kan vi skilje mellom «oppdragsforsking» og «fri» forsking. Institusjonar, organisasjonar og bedrifter som har eksistert ei stund, får etter kvart behov for å sjå bakover for å kunne sjå vidare framover. Det er snakk om å finne identiteten sin og sjå kva ein har hatt å seie for samfunnet, og det er også snakk om å kunne bruke den eigne historia til å «marknadsføre» seg. Derfor finst det ein marknad for historikarar som kan ta på seg slike oppdrag.

Historikarar som er tilsette i forskingsstillingar ved universitet og høgskular, står i ei friare stilling. Dei bestemmer sjølve i stor grad kva dei vil arbeide med. Her er det altså historikaren si eiga oppfatning om kva som er interessant eller viktig, som avgjer. Men forestillinga om det interessante og viktige er ikkje heilt individuelt bestemt. Historikarar er del av ein forskingsfellesskap, eit samfunn av historikarar som har sin eigen kultur. Og dei blir forma, som alle andre, av det samfunnet dei er ein del av, av dei verdivurderingane som rår.

All forsking er politisk. Når ein historikar, eit historikarmiljø eller oppdragsgivarar vel ut eit emne og finn ut at det skal forskast på det, er det ei avgjerd som har politisk innverknad. Det er ofte openberre samanhengar mellom det som skjer på det politiske området, og historieforskinga. Kvinnehistoria kan vere eit døme: Som forskingsområde vart det til da kvinnerørsla vart radikalisert på slutten av 1960-talet. Samtidig var det auka interesse for sosialhistorie, for korleis leveforholda til dei store massane hadde vore i tidlegare tider og for samanhengen mellom samfunn og miljø opp gjennom historia.

Historieforskinga har også si historie, og historieskrivinga har alltid hatt noko å seie politisk. For historikaren er det sjølvsagt å vere medviten om dette. Det er ein del av det vi kallar forskingsetikken, dvs. den moralen vi krev at ein forskar må ha, å ha tenkt over kva politisk innverknad den forskinga ein driv, kan ha.


Elevane kan prøve seg på oppgåvene under:

1 Diskuter desse påstandane:
  • Når ei gruppe får si historie plassert som ein viktig del av historia, får gruppa betre høve til å fremje sine interesser.
  • Når historikarane rettar merksemda mot tilhøva mellom menneske og miljø i dei historiske framstillingane, er dei med på å gjere det lettare for miljøvernorganisasjonane å vinne fram med sine saker.

2 Finn stoff om dei historikarane vi har lista opp under. Korleis har dei fungert som «politikarar» gjennom forskinga si?
  • Thukidides (grekar, ca 460-400 f.Kr.)
  • Tacitus (romar, ca. 56-117 e.Kr.)
  • Edward Gibbon (engelsk, 1737-1794)
  • Fernand Braudel (fransk, 1902-1985)
  • Sheila Rowbotham (engelsk, 1943-)

3 Kva moglege problem trur du ein historikar som tek på seg oppdragsforsking, må vere merksam på?