Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  2 (Korleis arbeider vi med historie?)   >  Til læraren   >  Undervisningsopplegg  >  Historie som vitskap
   
  2. KORLEIS ARBEIDER VI MED HISTORIE?
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Historie som vitskap


Det blir stilt visse krav for at arbeidet med eit fag skal kunne kallast vitskapeleg. Omgrepet «vitskap» er eit slags kvalitetsstempel. Når noko blir presentert som resultat av ei vitskapeleg undersøking, vil det seie at han eller dei som har gjort undersøkinga, har brukt metodar som er godkjende som vitskapelege. Det skal gi oss grunn til å stole på resultata, for metodane er utvikla for å sikre at resultata blir mest mogleg pålitelege.

Alle vitskapar bruker ikkje dei same metodane, sjølv om det finst fellesdrag ved all vitskap. Når ein naturvitar, til dømes ein fysikar eller ein kjemikar, skal teste ein hypotese, må han gjennomføre eit eksperiment for å sjå om han stemmer. Ein historikar som har gjort seg opp ei mening om kvifor vikingane drog ut på tokta sine, kan ikkje gjere det.

Den avgjerande skilnaden mellom naturvitaren og historikaren er at naturvitaren leiter etter ein fast samanheng, etter noko som alltid vil gjenta seg, mens historikaren prøver å forstå noko som er eit eingongsfenomen, noko som aldri vil gjenta seg. Naturvitaren prøver altså å finne «lover» som styrer måten tinga oppfører seg på, mens historikaren studerer handlingane til nokre heller irrasjonelle vesen, nemleg menneska. Det er ganske stor skilnad på det å forklare kvifor eit eple alltid fell til jorda, og det å forklare at menneska på eit bestemt tidspunkt i historia tek til å utfalde ein konsentrert aktivitet for å finne rasjonelle forklaringar på at eit eple alltid fell til jorda, og på andre fenomen i naturen.


Elevane kan prøve seg på oppgåvene under:


Øving 1
  1. Tenk deg at du skal ut på ein flytur. Kva er den vitskapelege forklaringa på at eit fly kan haldast i lufta? Stoler du på denne forklaringa, eller blir du meir skeptisk til å fly no når du har fått ei forklaring på kvifor det er mogleg?
  2. Tenk deg at flyreisa tek deg til ein stad der du veit at det har vore noko uroleg. Reiseselskapet forsikrar deg om at det likevel er heilt trygt å dra, for dei byggjer reiseopplegget på nøye samfunnsvitskapeleg og historisk forsking. Ville du kjenne deg trygg da?

Øving 2

Hans og Ola bur i ei lita bygd. Dei er djupt usamde om retten til å bruke ein veg som går over eigedommen til Hans, og er blitt bitre fiendar. Ungane deira får ikkje lov å leike med kvarandre, og dersom Hans grip nokon han kjenner i å ha noko med Ola å gjere, gjer han livet så surt for dei han kan. Det same gjer Ola om nokon omgåst Hans. Heile bygda lir under denne vegstriden.

No finst det eit dokument der vegen dei kranglar om, blir nemnd. Men dei er usamde om korleis dei skal tolke det. Dessutan er dei usamde om korleis dei skal forstå noko som skjedde for 50 år sidan, da dokumentet vart til. På toppen av det heile er dei også usamde om korleis det lovverket som regulerer retten til å bruke ein veg, skal tolkast i høve til saka deira.
  1. Trur du det kunne ha noko å seie dersom det var mogleg å finne ut kva som var rimelege og urimelege måtar å forstå dokumentet, hendingane og lova på?
  2. Kan du finne konfliktar i verda i dag som liknar på konflikten mellom Hans og Ola? Kva er eventuelt likt?