Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  1 (Den industrielle revolusjonen)   >  Portrett  >  James Watt
   
  1. DEN INDUSTRIELLE REVOLUSJONEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

James Watt – den industrielle revolusjonen begynner

I ein park i Glasgow i Skottland står det ein minnestein som markerer starten på den industrielle revolusjonen. Det var akkurat der James Watt (1736–1819) stod i 1765 da han fann ut korleis han kunne betre dampmaskinen til Newcomen.

Ei verd driven av damp
Ved hjelp av ein separat kondensator kunne dampen nemleg utnyttast meir effektivt. Det var viktig for å kunne bruke dampmaskinar i fabrikkane. Snart blei maskinen til Watt brukt til å pumpe vatn ut av gruver, han dreiv maskinar i bomullsfabrikkane, og etter kvart blei han også brukt til å drive skip.

Innførte omgrepet hestekrefter
Watt betra dampmaskinen endå meir då han fann opp stempeldampmaskinen, og det var han som først innførte omgrepet hestekrefter. I tillegg laga han den første kopimaskinen i verda.

Roleg alderdom
James Watt blei etter kvart en rik mann, og han brukte dei siste åra sine til å drive som bilethoggar. Han var altså ein mann med mange interesser. I 1882, 63 år etter at Watt døydde, blei namnet hans innført som nemning på eininga for elektrisk kraft. Derfor finn vi namnet hans på lyspærer verda over.