Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  1 (Den industrielle revolusjonen)   >  Arbeidsoppgåver  >  Kjeldeoppgåve
   
  1. DEN INDUSTRIELLE REVOLUSJONEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Barna og den industrielle revolusjonen

Under finn du utdrag frå ein rapport frå det britiske Underhuset. Rapporten var resultatet av ei undersøking utført av ein komité som skulle sjå på barnearbeid i gruveindustrien.

A Studer rapporten under. Korleis vil du vurdere denne rapporten som kjelde til barnearbeid?
B I kva grad er rapporten truverdig?
C Kva fortel rapporten om arbeidsforholda?


Kjelde: Barnearbeidarar

Esther Ellis vitnar for nemnda at ho har to søner som arbeider i ei gruve. Den eine har arbeidd der sidan han var fem år.

Susan Pitchford er elleve år gammal: «No har eg arbeidd i denne gruva i to år.» «Dette barnet,» seier nemnda, «stod skjelvande av kulde framfor oss. Dei fillene som hang rundt livet på henne, var like svarte som kolet ho drog på, og dei var gjennomvåte av vatn som hadde drope frå tak og sjakter.»
(…)

Roberth North: «Eg byrja i gruva da eg var fire år gammal og hjelpte til med å fylle koltraua. Vi får ikkje lov til å halde fram med det arbeidet vi liker, men blir sette til noko anna. Eg drog kol i tolv månader om lag, og medan eg heldt på med det, blei eg oppriven på kroppen så blodet rann. Eg torde ikkje seie noko, for gjorde vi det, ville oppsynsmannen gi oss av stokken. Vaksne menneske kunne ikkje gjere dette arbeidet, derfor blei vi tvinga til å gjere det.»

Frå Kristian Moen. Historia i nærlys. Epokesamling. Aschehoug, 1977 (noko tilpassa her)