Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  2 (Den politiske revolusjonen)   >  Portrett  >  Désirée eller Desideria
   
  2. DEN POLITISKE REVOLUSJONEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Désirée eller Desideria – braut trulovinga til Napoleon

Eugenie Bernardine Désirée Clary (1777–1860) var dotter av ein silkehandlar i Marseilles. Søstera hennar blei gift med Napoleon Bonapartes bror. Sjølv var ho trulova med Napoleon i 1794–1795, men braut trulovinga då ho oppdaga at han også var trulova med Josefine.

Gifta seg med Napoleons hærførar
I staden for gifta ho seg med Jean Baptiste Bernadotte, ein av Napoleons hærførarar, i 1798. Under keisarkroninga i 1804 bar Désirée silkelommetørkleet til keisarinne Josefine på ei pute.

Likte seg best i Paris
Då Bernadotte i 1810 blei valt til svensk (og norsk) tronfølgjar, kronprins Karl Johan, blei ho sjølv kronprinsesse Desideria. Désirée kom til Sverige i desember 1810 saman med parets einaste son, Oskar, men ho likte seg ikkje og drog tilbake til Paris eit halvt år seinare. Der blei ho i elleve år og levde eit morosamt og behageleg liv i krinsen rundt Napoleon.

Krona til dronning av Sverige
Først i 1823 vende ho tilbake til Sverige, og i 1829 blei ho krona til dronning i Sverige (men aldri i Noreg). Ho hata dronningnamnet sitt og lærde seg heller aldri svensk, men levde tilbaketrekt og svartkledd til ho døydde i 1860. Då hadde ho overlevd både son, soneson og sonesons son.