Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  2 (Den politiske revolusjonen)   >  Portrett  >  George Washington
   
  2. DEN POLITISKE REVOLUSJONEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

George Washington – den første presidenten i USA

For amerikanarane er George Washington (1732–1799) mannen som meir enn nokon annan enkeltperson bidrog til å skaffe USA fridomen, både som hærførar og som unionens første president.

Truande kristen
Han var ein høg, kraftig gentleman med eit andlet som såg ut som det var meisla i marmor. Frå foreldra sine hadde Washington arva den kristne trua si og ei sterk rettferdskjensle. Han levde eit disiplinert liv og hadde ein ubøyeleg vilje. Sjølv om han i sine mange slag ofte var i stor fare, blei han aldri treft av ei einaste kule.

Beundra av Napoleon
Då Napoleon las om Washingtons bedrifter som soldat og statsmann, erklærte han at dei berre kunne forklarast som eit verk av Guds finger! Eller kanskje var det at mor til Washington på ei bestemt tid kvar dag bad for at han skulle vere lykkeleg og trygg?

Store tap, men sigra til slutt
Få militære menn har stått overfor så mye elende og tap som Washington og hans styrkar gjorde ved Vally Forge vinteren 1777–1778, men dei sigra til slutt, og 30. april 1789 blei George Washington vald til Amerikas første president. Han blei gjenvald i 1792, men fråsa seg gjenval i 1797. To år seinare døydde han.