Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  2 (Den politiske revolusjonen)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Marie Antoinette
   
  2. DEN POLITISKE REVOLUSJONEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Marie Antoinette


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • identifisere og vurdere historisk materiale av ulik art og opphav som kjelder, og bruke det i eigne historiske framstillingar
  • presentere ein historisk person og drøfte korleis samtidige idear og samfunnsforhold påverka tenkjemåtane og handlingane til denne personen
  • undersøkje korleis eigne førestellingar om fortida er blitt forma og diskutere kva faktorar som gjer at menneske kan ha ulike oppfatningar om fortida
  • drøfte korleis historie er blitt brukt og blir brukt i politiske samanhengar

Bakgrunnsstoff
Korleis blir den franske dronninga framstilt i filmmediet i dag? Kan filmen lære oss noko av verdi om ein historisk person, eller er han aller mest eit uttrykk for haldningar og interesser i si eiga tid?

Den siste filmversjonen av livet til Marie Antoinette blei laga av Sofia Coppola i 2006. Denne filmen kan vere utgangspunkt for ein diskusjon om korleis biletet av ein historisk person blir forma gjennom ulike medium, og korleis slike bilete kan bli brukte til ulike formål. Filmen kan også beskrivast som ein «historisk film» som ikkje tek stilling til historia. Dersom denne filmen er ei kjelde – kva er han i så fall ei kjelde til? Kva fortel filmen eigentleg om fortida, og kva fortel han ikkje?

På ein måte representerer ein slik film gjennom både form og innhald ei avhistorisert, overflatisk og konsumorientert tilnærming til den historiske røyndommen. Gjennom figuren Marie Antoinette kan ein også ta for seg forholdet mellom aktør og struktur i historia, ein kan diskutere om einskildpersonar kan ha ein avgjerande innverknad, eller om strukturane er overordna. Ein diskusjon om årsakene til den franske revolusjonen kan også vere relevant.

Filmen
Denne filmen av Sofia Coppola er basert på den populære biografien Marie Antoinette: The Journey (2001), skriven av den britiske forfattaren Antonia Fraser. Her blir heile livet til Marie Antoinette behandla, fram til den tragiske slutten. Men Sofia Coppola har valt å utelate den politiske konteksten, og ho avsluttar historia da kongefamilien blir tvinga til å forlate Versailles i 1789. Dermed er interessa samla om den unge Marie Antoinette, som nærmast blir framstilt som ein blond bimbo eller eit moderne tenåringsidol, som Paris Hilton eller Britney Spears, med Versailles som kontrasterande bakteppe. Moderniseringa av Marie Antoinette blir understreka ved at filmen bruker mykje moderne popmusikk, og iblant er sko og klede frå vår eiga tid lurte inn. Skildringa av miljø og kostyme er overdådig og detaljert.

Filmen skildrar til ein viss grad Marie Antoinettes personlege modning, frå ein vilter og naiv tenåring til mor og dronning, men vi ser aldri utover murane rundt slottet. Vi risikerer å sitje igjen med eit inntrykk av at den franske revolusjonen braut ut fordi Marie Antoinette kjøpte for mange rosa sko. Dei rasande folkemassane som til slutt driv den kongelege familien ut av paradiset, blir aldri viste i nærbilete.

Personen og historia
Marie Antoinette var ein kontroversiell skikkelse allereie i samtida. Som utlending blei ho sedd på med mistru frå første stund, og ho blei mistenkt for å vere austerriksk spion. Seinare blei ho først og fremst kritisert på grunn av det ekstravagante forbruket sitt. Ho er mellom anna (ufortent?) blitt tillagd replikken «La dei ete kaker!», som ho skal ha sagt da ho fekk høre at folket ropte etter brød. Fleire skandalar medverka til å gjere henne mindre akta etter kvart.