Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  3 (Vegar til sjølvstende for Noreg)   >  Portrett  >  Johan Caspar Herman Wedel Jarlsberg
   
  3. VEGAR TIL SJØLVSTENDE FOR NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Johan Caspar Herman Wedel Jarlsberg – overklassegut med juridisk embedseksamen

Wedel Jarlsberg (1779–1840) var ein overklassegut som 22 år gammal gjennomførte sin juridiske embetseksamen.

Amtmann med administrative evner
Nokre år seinare tok den politiske karrieren hans til. Han blei amtmann i Buskerud i 1806 og i Jarlsberg og Larvik nokre år seinare. Som formann i Provideringskommisjonen, viste han framifrå administrative evner, han organiserte mellom anna kornforsyninga under napoleonskrigen.

I kampen for norsk sjølvstende
I 1814 var Wedel Jarlsberg ein viktig pådrivar i kampen for norsk sjølvstende og ein samlande person i kampen mot Christian Frederiks politikk.

Wedel Jarlsberg blei finansminister og leiande kraft i den første norske regjeringa oppnemnd etter sameininga med Sverige. Etter omstridde finansielle "redningsaksjonar" blei han stilt for riksrett, men frikjend, i 1821.

Aktiv politikar
Wedel Jarlsberg var stortingsrepresentant i åra 1824–30 og stortingspresident 1824, 1827, 1828 og 1830. I 1836 blei han statthaldar. Utanom den politiske verksemda, arbeidde han aktivt for opprettinga av eit eige norsk universitet.