Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  3 (Vegar til sjølvstende for Noreg)   >  Arbeidsoppgåver  >  Kjeldeoppgåve
   
  3. VEGAR TIL SJØLVSTENDE FOR NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Noreg i nødsåra

I 1809 bad ein regjeringskommisjon jernverkseigar Jacob Aall om å gjere greie for korleis han såg på situasjonen for Noreg. Aall blei seinare ein av eidsvollsmennene i 1814.

A Kva var bakgrunnen for den situasjonen Jacob Aall skildrar i redegjørelsen til regjeringskommisjonen under?
B Korleis vil Jacob Aall løyse forsyningsproblema i landet?
C Korleis blei forsyningsproblema løyste?
D Dersom du vil vite meir om nødsåra på heimstaden din, kan du undersøke kyrkjebøkene i distriktet ditt (finst på Internett: http://digitalarkivet.no – type – kyrkjebøker). Finn ut kva dei viser om døde i åra 1808–09 og i 1812–13. Samanlikn med åra før og etter. Kven døydde, og kva var dødsårsakene?


Kjelde: Brev frå Jacob Aall, utdrag

Etter min individuelle overbevisning er der ingen annen redning tilbake for det ulykkelige, uthungrede og utplyndrede Norge enn en direkte tillatelse fra våre fiender til å måtte hente korn fra Danmark uten molest (inngrep) av fiendtlige kryssere. Men i det jeg innser nødvendigheten herav, forbinder jeg dermed det inderlige ønske at dette kunne bevirkes uten voldsomme midler. Så meget jeg enn føler at den norske nasjon har mange grunnede klagemål å nedlegge for den danske trone, så tror jeg dog å skylde sannheten den tilståelse at Norge i det henrunne sekulum fant seg lykkelig under det danske septer.

Henta frå H. Bjørkvik. Kjelder til norsk historie. Universitetet i Trondheim, 1976