Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  3 (Vegar til sjølvstende for Noreg)   >  Til læraren  >  Fagleg tilleggsstoff  >  Straffemetodar i Noreg
   
  3. VEGAR TIL SJØLVSTENDE FOR NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Straffemetodar i Noreg

Pisking
Den som blei dømd til kakstryking, blei bunden til ein stake på ein stad der mykje folk ferdast, for eksempel på torget i ein by, og piska offentleg. Piskinga kunne vere hard nok å bere, men det var ikkje alltid at straffa bestod av mange piskeslag. Det verste var nok skamma, det å bli offentleg piska. Vi kjenner denne straffemetoden i Noreg frå 1300-talet, og metoden blei også brukt på 1700-talet. I Rosendal i Hardanger levde på midten av 1700-talet ei tiggarkvinne som fødde tre barn med tre ulike fedrar utan å vere gift med nokon av dei. For det blei ho dømd til «at stryges till Kagen med 3de Riis og 3de Slag af hvert Riis». Det var ei straff som særleg blei brukt mot kvinner som blei dømde for utukt.

Gapestokk
Gapestokkar fanst både på torget i byane og utanfor kyrkjer på landsbygda. På Maihaugen i Lillehammer kan ein sjå ein gapestokk som stod utanfor Lom stavkyrkje. Folk kunne bli dømde til gapestokken for fleire forhold, men denne straffa blei særleg brukt mot kvinner som blei funne skuldige i utukt. Gapestokk blei på 1700-talet brukt som subsidiær straff for bøter – det vil seie at den som hadde pengar, slapp unna gapestokken.

Fengsel
Ole Pedersen Høiland var frå Bjelland i Vest-Agder. Alt i konfirmasjonsalderen kom han inn på forbrytarbanen, og i likskap med Gjest Bårdsen (1791–1849) var han ein kjend og frykta, men også beundra stortjuv i første delen av 1800-talet. Han blei arrestert og fengsla, men greidde å rømme heile 11 gonger. Kvar gong han kom på frifot, gjorde han nye og meir oppsiktsvekkjande tjuveri. Mest kjent er innbrotet hans i Noregs Bank i Kristiania i 1836. Der fekk han med seg 64 000 spesidalar. Han enda livet ved å hengje seg i fengselscella.