Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  4 (Året 1814)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Skriv ein 17. mai-tale!
   
  4. ÅRET 1814
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Skriv ein 17. mai-tale!

En god 17. mai-tale må gjerne være litt personlig, men bør ikke være helt tannløs, og kan gjerne knyttes til noe lokalt.

Torleif R. Hamre, konservator ved Eidsvoll 1814


Forslag til undervisningsopplegg:

Dei fleste elevane har nok hørt fleire 17.mai-talar, anten på fjernsyn, på skolen, eller på eit anna 17. mai-arrangement som dei har delteke på. Kanskje ein eller fleire av elevane i klassen til og med har halde ein 17. mai-tale? Be dei om å fortelje om denne talen for klassen!


A) Kva er ein god 17. mai-tale?

Diskuter i klassen. Læraren samlar stikkord.


B) Elevane skriv kvar sin 17. mai-tale.

I arbeidet med talen kan elevane bruke stikkorda frå diskusjonen i klassen om kva ein god 17. mai-tale er, eller bruke tipsa og eksempla på 17. mai-talar frå nettstadene under som hjelp.

Elevane må likevel ikkje føle at desse tipsa er ei ”tvangstrøye”, som dei må bruke i talen. Dei må gjerne sleppe seg laus, og komme med alternative og kreative løysingar på oppgåva.

Det viktigaste er at læraren poengterer at talen skal ha eit visst historisk perspektiv, der elevane får vist noko av det dei har lært gjennom arbeidet med kapittel 4 (”Året 1814”) i Portal. Verdshistorie og noregshistorie etter 1750 (Påbygging: kapittel 10 (”1814”) og 11 (”17. mai-feiring”)).


C) Be nokre av elevane om å presentere 17. mai-talen for klassen.


Nettstader:

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nordland/1.6602395
”Slik blir du en god 17. mai-taler”. Artikkel frå NRK

http://www.regjeringen.no/nb/dep/smk/aktuelt/taler_og_artikler/statsministeren/statsminister_jens_stoltenberg/2010/Tale-til-de-norske-styrkene -i-Afghanistan-pa-17-mai.html?id=604988
Tale til dei norske styrkane i Afghanistan ved statsminister Jens Stoltenberg, 17. mai 2010

http://www.regjeringen.no/nb/dep/ud/aktuelt/taler_artikler/utenriksministeren/2010/bekransningen-av-Bjornstjerne-Bjornsons-grav.html?id=604987
17. mai-tale ved utanriksminister Jonas Gahr Støre ved grava til Bjørnstjerne Bjørnson på Vår Frelsers Gravlund i Oslo, 17. mai 2010