Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  5 (Det moderne industrisamfunnet tek form)   >  Portrett  >  Charles Dickens
   
  5. DET MODERNE INDUSTRISAMFUNNET TEK FORM
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Charles Dickens – skildra dei fattige sitt liv

Charles Dickens (1812–1870) blei fødd i Portsmouth, England, men voks opp i London. Han kom ikkje frå nokon velståande familie, så skikkeleg skolegang fekk han ikkje.

Gav ut sitt første litterære verk 20 år gammal
Dickens klarte likevel å undervise seg sjølv, og han fekk i ung alder jobb på eit sakførarkontor. Ein periode arbeidde han også som stenograf. Då han var rundt 20 år, gav han ut sine første litterære verk, under pseudonymet Boz.

Enormt produktiv
Produksjonen hans blei raskt enorm; han skreiv fleire romanar, redigerte tidsskrift og blei etter kvart ein kjend figur på dei mange festane i storbyen. Fleire av romanane til Dickens blei gitt ut i form av billege hefte som sjølv dei fattige hadde råd til å kjøpe.

Skildra dei fattige sitt liv
Det var også dei fattige han stort sett skildra i romanane sine. Kontrasten mellom fattig og rik i den svært ekspanderande byen var stor. I fleire av verka hans kom kritikken mot dei elendige arbeidstilhøva til uttrykk, og Dickens var ein viktig pådrivar i kravet om å reformere samfunnssystemet. Mest kjend av utgivingane hans er nok Oliver Twist, Five points og David Copperfield. Ein annan kjend figur er Scrooge frå A Christmas Carol, som var modellen for den styrtrike gjerrigknarken vi i Noreg kjenner som Skrue McDuck.