Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  5 (Det moderne industrisamfunnet tek form)   >  Portrett  >  Gustave Eiffel
   
  5. DET MODERNE INDUSTRISAMFUNNET TEK FORM
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Gustave Eiffel – utdanna seg til bygningsingeniør

Alexandre Gustave Eiffel (1832–1923) blei født i Dijon, Frankrike. Etter studiar i kjemi, slo han inn på ein annan veg, og han enda til slutt opp som bygningsingeniør.

Mannen bak Eiffeltårnet
Kor stor Eiffel var, kom klarast til uttrykk gjennom det monumentale Eiffeltårnet som stod ferdig til verdsutstillinga i Paris i 1889. Det 300 meter høge bygget blei eit symbol på den kommande stålalderen. Eiffel stod også bak andre stålkonstruksjonar, blant anna rammeverket til Fridomsgudinna og den lengste brua bygd til då, over ei elv i Sør-Frankrike.

Arbeidde over heile verda
Fridomsgudinna blei sidan gitt som gåve frå det franske folket til USA. Arbeidet som ingeniør førte Eiffel til land som Austerrike, Spania, Egypt, Peru og Panama. Han var involvert i bygginga av Panamakanalen, men på grunn av økonomisk vanstyre enda bygningsselskapet som Eiffel var ein del av, som bankerott, og han måtte sone to år i fengsel. Han blei senere reinvaska.

Arbeidsam og produktiv
Den allsidige Eiffel gjorde også ein viktig innsats i utviklinga av aerodynamikken, som var ein føresetnad for flyteknikken. Namnet hans er knytt til framsteget, både innanfor byggjekunsten og i utbetringa av kommunikasjonsmidla. Eiffel rakk også å gi ut heile 31 bøker i løpet av si levetid.