Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  6 (Massepolitikk og nasjonar)   >  Portrett  >  Fyrst Metternich
   
  6. MASSEPOLITIKK OG NASJONAR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Fyrst Metternich – stor diplomat

Fyrst Metternich (1773–1859), som hadde det fulle namnet Klemens Wenzel Nepomuk Lothar, Fürst von Metternich-Winneburg-Beilstein, har ofte blitt omtala som den største diplomaten i si tid. Metternich leidde Wienkongressen i 1814–1815, der sigerherrane etter napoleonskrigane skulle skape orden i Europa.

Arbeidde for Den heilage alliansen
Metternich meinte at dei som kjempa for liberalisering, demokrati og nasjonalt sjølvstyre, måtte stoppast. Han arbeidde også for å rette opp igjen den gamle maktbalansen mellom Austerrike, Frankrike, Russland og Preussen, også kalla Den heilage alliansen. Det var viktig for å stanse dei radikale.

Feilslått politikk
Politikken hans har blitt kalla reaksjonær og konservativ. Han motarbeidde også ei samling av dei tyske og italienske statane, fordi han meinte det ville øydeleggje maktbalansen. Men politikken hans slo feil, misnøya kom fleire gonger til overflata, og i 1848 spreidde dei revolusjonære rørslene seg over store delar av Europa, også til Wien. Dei konservative kreftene klarte ikkje lenger å stå imot, og Metternich måtte flykte frå Austerrike og for alltid frå den politiske scena.