Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  6 (Massepolitikk og nasjonar)   >  Portrett  >  Otto von Bismarck
   
  6. MASSEPOLITIKK OG NASJONAR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Otto von Bismarck – Tysklands første rikskanslar

Bismarck (1825–1898) kom frå ein preussisk godseigarfamilie, junkarane, og kom for alvor med i politikken i 1847. Før det hadde han vore godseigar og visstnok levd eit vilt liv på faren sitt gods.

Blod og jern
Bismarck var vitne til dei liberale demokratanes mislykka forsøk på å samle Tyskland i 1848. Han uttalte at ”ikkje ved talar og fleirtalsavgjerder blir store spørsmål i tida avgjort, men ved blod og jern”.

Oppnemnd til rikskanslar
Då han i 1862 blei ministerpresident i Preussen, brukte han denne barske framgangsmåten for å samle Tyskland, gjennom sigerrike krigar mot Danmark, Østerrike og til slutt mot Frankrike i 1870–1871. Bismarck blei oppnemnd til rikets første rikskanslar.

Valdsamt temperament
Bismarcks Tyskland omfatta ikkje tyskarane som levde innanfor grensene til Austerrike-Ungarn. Bismarck styrte med hard hand, særleg over sosialistane, som blei drivne under jorda. Bismarck skal ha hatt eit valdsamt temperament, og han blei etter kvart upopulær hos mange. I 1890 måtte han gå av, då han kom på kant med keisar Wilhelm 2.