Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  6 (Massepolitikk og nasjonar)   >  Portrett  >  Giuseppe Mazzini
   
  6. MASSEPOLITIKK OG NASJONAR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Giuseppe Mazzini – forfattar og politikar med store mål

Giuseppe Mazzini (1805–1872) blei fødd i Genova i Nord-Italia, han utdanna seg seinare til jurist, men det var som forfattar og politikar han arbeidde mesteparten av livet sitt.

Ein farleg mann
I 1831 stifta Mazzini Det Unge Italia, ein organisasjon som arbeidde for å samle alle dei italienske statane til ein republikansk nasjonalstat. Ein italiensk nasjonalstat ville øydeleggje mykje av maktbalansen i Europa, og Mazzini blei derfor sett på som ein farleg mann. Han måtte flykte frå Italia, og oppheldt seg mellom anna i Sveits og London, der han heldt fram med å spreie liberale og nasjonalistiske idear med den skarpe pennen sin.

Fridom, framsteg og humansime
Mazzini såg for seg eit Europa der dei ulike nasjonane fekk styre seg sjølve og leve i harmoni med kvarandre, og der verdiar som fridom, framsteg og humanisme rådde. Ei kort tid såg Mazzini ut til å lykkast; i 1848 spreidde revolusjonane seg over heile Europa, og i Roma blei Mazzini utropt til triumvir i den nyoppretta romerske republikken.

Slått av dei konservative
Men dei konservative kreftene slo tilbake, og Mazzinis draum blei for alltid knust. Han drog seg vonbroten ut av politikken, og flykta igjen frå Italia. I mesteparten av det livet som var att, oppheldt han seg i London.