Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  6 (Massepolitikk og nasjonar)   >  Portrett  >  Emmeline Pankhurst
   
  6. MASSEPOLITIKK OG NASJONAR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Emmeline Pankhurst – kjempa for kvinnerettane

Emmeline Pankhurst (1859–1928) blei fødd i Manchester i 1859. Far hennar var ein mann med radikale meiningar, og Emmeline blei tidleg oppmuntra til å kjempe for rettane til kvinner, noko ho kom til å bruke mesteparten av livet sitt til.

Heldt fram med arbeidet saman med døtrene
Ho gifta seg med Richard Pankhurst, ein advokat som kjempa for likestilling for kona si, så vel som for andre kvinner. Saman fekk dei fem barn, men både Richard og to søner døydde tidleg, så kvinnene i familien måtte klare seg sjølve. Saman med døtrene Sylvia og Christabel leidde Emmeline ”suffragetterørsla” som kjempa for røysterett for kvinner.

Sterke verkemiddel
Rørsla gjekk ikke av vegen for å bruke vald som middel i sin agitasjon, noko som sende fleire av aktivistane i fengsel fleire gonger. I 1912 sat Emmeline i fengsel heile 12 gonger, og ho protesterte også her – ved å sveltestreike.

Døydde før røysteretten
Etter første verdskrigen involverte ho seg også i kampen for rettane til barn. Pankhurst blei etter kvart medlem av det Konservative partiet, men ho nådde aldri å få nokon politisk karriere. Ho fekk ikkje oppleve at kampen hennar blei krona med siger. Ho døydde kort tid før kvinnene i Storbritannia endeleg fekk røysterett, i 1928. Fråsegna hennar ”Trust in God: she will provide”, har blitt kjend over heile verda.