Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  6 (Massepolitikk og nasjonar)   >  Portrett  >  Sigmund Freud
   
  6. MASSEPOLITIKK OG NASJONAR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Sigmund Freud – grunnleggjaren av psykoanalysen

Sigmund Freud (1856–1939) blei fødd i Tsjekkia i 1856, men flytta med familien til Austerrike da han var fire år gammal. I 1881 tok han doktorgrad i medisin på sentralnervesystemet.

Skreiv ut kokain til seg sjølv
Freud var ofte plaga av depresjonar, og han gjorde seg sjølv til prøvekanin ved å bruke kokain som medisin. Freud påstod at kokain i små dosar berre hadde positive verknader. Etter kvart blei han smerteleg klar over biverknadene og vaneskapinga, og måtte slutte å skrive ut kokain til seg sjølv.

Revolusjonerte psykologien
I 1900 kom hovudverket hans Draumetyding der han introduserer psykoanalysen. Freuds teoriar om det ubevisste, om draumetolking og om seksualdrifta revolusjonerte psykologien. Ikkje alle var like glade for arbeidet hans, men Freud heldt fram ved klinikken sin i Wien i 47 år.

Flykta frå Hitler
Då Hitler kom til makta i 1933, måtte Freud flykte til London fordi han var jøde. Fleire av familiemedlemmene hans døydde i konsentrasjonsleirar under andre verdskrigen. Freud døydde i London i 1933, 83 år gammal.