Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  6 (Massepolitikk og nasjonar)   >  Til læraren  >  Kjeldeopplegg  >  Slaveri i Amerika
   
  6. MASSEPOLITIKK OG NASJONAR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Slaveri i Amerika

På nettstaden til Digitalskolen ved Historisk Institutt ved Universitetet i Bergen finst det fleire forslag til korleis elevane kan arbeide med slaveriet i Amerika i historiefaget.

Undervisningsopplegget ”Slaveri i Amerika” er laga for vidaregåande skole, og tek utgangspunkt i amerikanske folketeljingar og kart som kjelder. Gjennom arbeidet med oppgåvene kan elevane både bruke kjeldene til å svare på konkrete spørsmål om slaveriet, og til å utforme eigne tabellar og kartoversikter om emnet.

På nettstaden finst det også tips til elevane om korleis dei kan bruke dei amerikanske folketeljingane i arbeidet med oppgåvene. Under ”hjelpesider” er det mykje relevant informasjon om blant anna norsk og europeisk emigrasjon, folketeljingar, og bruken av kjelder og IT i historieundervisninga.