Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  7 (Imperium og koloniar)   >  Portrett  >  Kong Leopold 2.
   
  7. IMPERIUM OG KOLONIAR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Kong Leopold 2. – på jakt etter rikdom

Kong Leopold 1. (far til Leopold 2., 1835–1909) hørte til ei fattig grein av fyrstehuset Sachsen-Couburg. For å setje Belgia på kartet overtydde han sonen sin om at Belgia måtte skaffe seg ein koloni, eller ”fristat” som det blei kalla.

Gjorde Kongo til slavestat
Ved hjelp av tenestene til oppdagaren Stanley blei Kongo i 1885 gjort om til den private slavestaten til Leopold, der folket skulle siviliserast med pisk og våpen.

Luksusliv bygd på plyndring
Ei regelrett plyndring av produkt som rågummi og elfenbein, førte enorme rikdommar heim til kongen i Belgia, der dei blei brukte på luksus og storfelte byggjeprosjekt. Kongen skal visstnok ha hatt store talent både som talar og politikar, men dette har komme heilt i skuggen av dei om lag ti millionane kongolesarar som måtte bøte med livet gjennom dei 23 åra Leopold styrte.

Eit liv prega av skandalar
Kongen hadde ikkje hatt nokon lykkeleg oppvekst; han måtte søkje audiens for å snakke med sin eigen far, og systera Charlotte blei sinnssjuk. Slutten av livet hans var også merkt av skandalar. Han gifta seg med elskarinna si som tidlegare hadde vore prostituert, og i avisene blei det trykt karikaturar av kongen med blodig skjegg og avhogde hender festa til uniforma. I 1908, eitt år før han døydde, blei Kongo overført til den belgiske staten.