Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  7 (Imperium og koloniar)   >  Portrett  >  Cecil Rhodes
   
  7. IMPERIUM OG KOLONIAR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Cecil Rhodes – sendt til Afrika

Cecil Rhodes (1853–1902) var den femte sonen av i alt ni barn. På grunn av ein lungesjukdom då han var 16 år, rådde legane han til å dra til det sørlege Afrika, der klimaet var tørrare enn i England.

På jakt etter makt og diamantar
Broren hans, Herbert, var allereie i landet, og Cecil blei raskt med han i jakta på diamantar. Rhodes etablerte etter kvart eit gruveselskap, og han blei stadig meir involvert i det politiske livet i det sørlege Afrika. Den største draumen var likevel eit Afrika ”frå Kapp til Kairo” underlagd britisk styre.

Afrika under britisk styre
Fråsegna hans om at ”Vi har dei høgaste ideala av sømd og moral, fridom og fred, og di meir av verda vi bur i, di betre er det for menneskeslekta,” passar med desse ambisjonane. Rhodes var sterkt med i den vidare ekspansjonen til britane, noko som forklarer at Rhodesia (i dag Zambia og Zimbabwe) blei kalla opp etter han.

Skreiv testament som 19-åring
Rhodes skreiv testamentet sitt allereie som 19-åring, og der heitte det at formuen hans skulle brukast til studentstipend. Rhodes ville at berre gutar skulle nyte godt av stipenda, men frå 1977 blei dei opna også for jenter. Bill Clinton er av dei meir kjende som har teke imot dette stipendet.