Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  7 (Imperium og koloniar)   >  Arbeidsoppgåver  >  Kjeldeoppgåve
   
  7. IMPERIUM OG KOLONIAR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Amerikansk imperialisme

A Gjer greie for innhaldet i Monroedoktrinen.
B Kva konsekvensar fekk Monroedoktrinen for USAs politikk overfor Latin-Amerika?
C Korleis gjekk amerikansk imperialisme føre seg og kva område gjekk han ut over?
D Kva inneber Roosevelts tillegg til Monroedoktrinen frå 1904?
E Kom med eksempel på at USA har «utøvd internasjonal politimakt» etter 1904.

Kjelde 1: Monroedoktrinen

USAs president James Monroe gav i 1823 ein tale til Kongressen om USAs utanrikspolitikk. Bakgrunnen for talen er endringane i Europa etter napoleonskrigane og sjølvstendet for dei nye landa i Latin-Amerika. Utdraget under er kalla Monroedoktrinen.

Washington 2.12.1823
Medlemmer av Senatet og Representantanes Hus:
Vi har aldri teke del i krigar mellom europeiske land, og det er heller ikkje i pakt med vår politikk å gjere det. Berre når våre rettar blir krenkte eller er alvorleg trua, vil vi protestere eller førebu oss på forsvar. Vi blir likevel meir direkte påverka av det som skjer på vår eiga halvkule, av grunnar som må vere openberre for kvar opplyst og uavhengig tilskodar. Det politiske systemet til medlemsstatane i den europeiske alliansen er heilt ulik det amerikanske. Denne skilnaden heng saman med skilnaden mellom ulike måtar å styre på. Og heile vår nasjon er fast bestemt på å forsvare vår styremåte, som er blitt til gjennom tapet av mykje blod og store forsakingar, som er modna av visdommen til dei mest opplyste borgarane, og som har gjort at vi har note godt av ei lykke og ein velstand som det ikkje finst maken til.

Av ærlegdom, og av omsyn til det vennskapelege forholdet som er mellom USA og dei europeiske maktene, finn vi det rett å seie at vi vil sjå på kvart forsøk frå dei europeiske maktene på å utvide området for sitt system til nokon del av vår halvkule, som eit trugsmål mot freden og tryggleiken vår. Vi har ikkje blanda oss inn i, og vi kjem ikkje til å blande oss inn i, forhold i koloniane og dei avhengige områda til dei europeiske statane. Men når det gjeld dei regjeringane som både har kunngjort og gjort krav på sitt sjølvstende, og som vi, etter nøye og prinsipielle vurdering, har godkjent, kan vi ikkje sjå på noko forsøk på å undertvinge seg dei eller på nokon måte kontrollere dei, som noko anna enn eit teikn på ei uvennleg haldning overfor USA.

Henta frå nettstaden cuba heritage.com, 2004 (omsett av forfattarane).


Kjelde 2: Roosevelts tillegg til Monroedoktrinen

Theodore Roosevelt laga i 1904 eit tillegg til Monroedoktrinen, i Kongressen:

"De forente Staters hevdelse av Monroedoktrinen kan, hvor nødig de enn vil, tvinge USA til i åpenbare tilfeller å utøve internasjonal politimakt".

Frå Peter Bejder og Kim Boye Holt. Cubas historie. Gyldendal København, 1998.